Anne Bjørke presenterer dei nye designa frå boka Strikkekraft – inspirert av tradisjonar, som kjem rett frå trykkeriet til Stitsjorama. Norske og utanlandske designarar har latt seg inspirere av maskinstrikka plagg frå Norlender Knitwear, ei lita vestlandsbedrift med lang historie. Her finn du oppskrifter på både overdelar og tilbehøyr – alt frå ein eventyrponcho med åttebladsroser til ei jakke med band til vestafrikanske tekstilar. Designa famnar både det vi tenker på som typisk norsk fleirfargestrikk og teknikkar vi ikkje kjenner så godt frå før, som intarsia og roosimine.
Det vil også være en boksamtale med Anne i galleriet lørdag kl 13.00 med fokus på tekstdelen av boka, dvs trikotasjeindustrien i Noreg og berekraft (f.eks. bruken av og tilgangen til norsk ull, superwash-behandling, Gots-sertifisering og korleis ta vare på ullplagg for å få dei til å vare lengst muleg)
Boksignering i Passasjen i etterkant av boksamtalen.
Anne vil også stå på standen til Ystabø Gull lørdag 10-12, der du får kjøpt boka under hele festivalen og sett modellene utstilt.
Foto: Jørgen Magnus